Musikkprosjekt: City and Color

Musikkprosjektet er eit bloggprosjekt starta av Caroline. Der me er seksbloggerar (KarolineSiljeRenateGitte) som utfordrar kverandre og oss sjølv til å skrive våre tankar omkring artistar og band! 

 Me legger inn våre topp fem sangar frå kvar artist i denne spotifylista: 


City and color er artisten eg har valgt sjølv denne omgangen! 
City and Color aka Dallas Green frå Canada. Eg høyrte musikken hans for første gong for fleire år sidan (2009), og falt pladask for stemmen hans. Han har gitt ut fire album, og har vunne fleire prisar i  Canada. Stemmen hans er heilt unik, og uttrykket han skapar er melankolsk, følelseslada og vakkert. 


Eg har knytta meg til dei gamle sangane på den føste plata, og kjenner at eg ikkje klarar å laga meg nye favorittar (sjølv om eg faktisk har eit par når eg tenkar meg om, hehe!) Musikken kan totalt sett vera ganske monoton og kjedelig, men passar fint som bakgrunnsmusikk på cafe eller venninetreff. Om du set deg ned å høyrer på teksta kan det vera ganske deprimerande. Men det er heilt greit for meg, eg har for lengst innsett at melankoli er ein del av hjarta mitt, og eg elskar den på ein sær måte. Men sjølv eg kan få nok av det til tider. 

Eg likar City and Color live(youtube), han har ein connection med publikum, og ein ekteheit som eg synes er sjeldan. Av albuma er Little Hell min absolutte favoritt! Og der igjen O' Sister min yndlingssang. Den fortel liksom historia mi, personleg og trist. Men og vakker og viktig:

"Oh sister

Those lines etched in your hands 
They're hardened and rough like a road map of sorrow
My sister
There is a sadness on your face
You're like a motherless child who's longing for comfort
What's running through your veins
That's causing you such pain?
Does it have something to do with the pills they gave to you?
What is eating at your soul?
Was it the whispering ghosts that left you out in the cold?

But the blackness in your heart
Won't last foreverI know it's tearing you apart
But it's a storm you can weather
Oh sister
My sister"



(fin albumskunst òg)


Terningkast: 

(Ja, eg meinar at ein kan ha eit terningkast seks i følelsesmessig tilknytning til musikk, men alikevel vera objektiv nok til å sjå at det ikkje eigentleg held til meir en fire. hehe)

Kommentarer

  1. Ja, den sangen var bra trist! Men fin å høre på om man føler seg litt sliten, kanskje. Musikken er jo veldig rolig og behagelig :)

    SvarSlett
  2. Teksten til O' Sister er i seg selv nok til å gi meg en anelse gåsehud. Jeg er også en relativ melankolsk sjel, noen ganger må jeg bare omfavne tristheten og være sørgmodig. Bare høre på musikk og observere regnet falle.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg