Boksnakk #3 Den klønete skytsengelen




Tittel: Den klønete skytsengelen

Forfatter: Arto Paasilinna


Sjanger: Galgenhumor


Kort samandrag: Den nylig avdøde religionslæraren, Sulo Auvinen kjem til himmelen som ein nyutnevnt skytsengel. Han var ein nøktern, litt klønete mann i menneskelivet sitt, og det følger han visst vidare inn i etterlivet. Stakkar Aaro Korhonen som får Sulo utnevnt som sin skytsengel. Alt går nedover i ein rasande fart, utan at han heilt veit kvifor...


1: Kven er boka for?

Denne boka er for dei aller aller fleste! Eg kan med handa på hjarte sei at kven som helst kunne satt seg ned å lett blitt underhaldt av Paasilinna sitt bisarre og komiske univers! Ungdom, vaksne tilogmed eldre kan like denne! 

 2: Sum opp boka i eit slagord: 


Skytsengel prøver så godt han kan, men får det liksom aldri heilt til. Eg lo høgt fleire gonger gjennom boka!

 3: Minneverdig scene: 


 Så. Veldig. Mange! Det oppstår ein heil haug med scener som utartar seg morosomt! Eg er ein veldig visualiserande person, så eg ser det så livleg føre meg! Ein episode der Sulo skal "redda" Aaro frå å bli påkjørt av eit tog. Istaden for å stoppa bilen, venta på at toget går forbi. Dyttar Sulo, med si englekraft bilen til å gå kjempefort. Det ender opp med at bilpasasjerane med flyttelass ender strødd utover eit jorde med hjernerystelse og forvirring. Hang gasspedalen seg opp eller?

 4: Minnevedige sitat: 


Mange gullkorn, f.eks: 
"Vi har den glede av å invitere deg til vår begravelse"

 
5: Kven ser du for deg spela hovudrollen i boka,om den blir filmatisert? 


Eg såg faktisk føre meg Bård Tufte Johannesen som Sulo og Jon Øigården som Aaro. 
Eg kjennar ikkje til finske skodespelerar, så eg såg føre meg at dei var norske, skalla litt middelaldrande menn! (No offence!)




6: Kva likte du minst?

Eg skjønar at det er galgenhumor, og så mykje som mogleg må jo gå galt då. Men eg sat nokre gonger og var litt småsint på Aaro fordi han var så dum, tok idiotiske valg. Men eg trur kanskje det var litt av poenget!

 7: Kva likte du best? 

Åh! Humoren! At englar beskrives som heilt dagligdagse ting, og holdninga om "at litt død her og litt fordervelse der det må ein rekna med om ein skal leva" Situasjonar som er så enkle og greie, at ein skulle tru at her kan ingenting gå galt, men så gjer det jo det då..

 8: Har boka ein særeigen stuktur/oppbygning? 


Ein er mest i hovudet til Aaro, men ein får og hoppe litt inn i tankane til forskjellige karakterar. Det gir ein fin veksling mellom idioti og fornuft. Då ein kan bli litt irritert på Aaro, haha. Korte kapittel, veldig kort bok, las den ut på to kveldar.

9: Korleis var språket?

Kort, konsist, kokt ned til poenget. Det likar eg. Ingen store språklege beskrivelsar av verken følelsar, stader eller noko dilldall. Det passar stilen og humoren. Ellers lange finske navn, som faktisk var litt tungvint å holda styr på!

 10: Kor mange stjerner?


☆ 

Fem av seks! Anbefales om du er lei av tunge og sjølvhøgtidelige bøker! 

Kommentarer

  1. Det høres ut som noe jeg burde lese!! :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Det burde du absolutt:) Den er kjempemorsom!

      Slett
  2. Denne boken har jeg hørt om før, og vurdert å plukke opp tidligere. Men ble enda mer overbevist om å gjøre det nå. TAkk for inspirasjon :D
    - SIri

    SvarSlett
  3. // Takktakk, men eg blir nok å sletta den, har et innlegg eg vil fullføra først, så e det slutt <3

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg