Bloggutfordring 1: 15 fakta om deg.

1: Eg har hatt flyskrekk og jobba meg gjennom den. Kan framleis få litt hjartebank på fly, men ikkje dødsangst (lengre)!

OBS OBS: illustrasjonsbilete er ikkje relatert til sjølve punktet! (men basert på ein sann historie altså)

2: Eg elskar å ta selfies. Så mykje at det er flaut å visa fram bilete-arkivet på mobilen..
hai hai

3: Om nokon hadde tilbudt meg å reisa ut i verdensrommet hadde eg fint sagt "neitakk!"

4: Eg har alltid kreativt rot inni og utanfor hovudet! (som ei venninne fint kalla for kunster-stil ein gong, takk for godviljen)

SAM_0165

5: Men eg har ikkje alltid kreative prosjekt, fordi eg har problemer med å velga kva eg skal gjera og ender ofte opp med å tenka alt for mykje på saken. 

6: Eg veit fortsatt ikkje kva eg vil bli når eg blir stor, men eg veit at det viktigaste er å ha det bra, så kjem resten av seg sjølv! (og eg har det bra!)

7: Eg er litt sånn som Pippi: "Det har eg aldri prøvd før, så det klarar eg heilt sikkert! "

8: Eg er ein "all in" person, alt eller ingenting. 

9: Har eit utroleg positivt syn på livet til å vera såpassa melankolsk som eg er. Ein såkalla "Gladmelankoliker!" (det fant eg på)

10: Eg er ein utroleg utadvendt introvert! 

outgoing introvert jpg
11: Eg drømmer om å reisa aleine til verdas største byar. Det er skummelt og utroleg spennande å reisa aleine! Elskar det! 

12: I år skal eg skaffa meg ein ny hobby, veit ikkje heilt kva endå, men eg er i tankeboksen! 

13: Eg har eit naivt idealistisk syn på menneskeheita, eg er heilt sikker på at me kan fiksa opp i rotet vårt, litt vertfall! Det må vera mogleg!

14: Det aller aller aller beste som finnes er faktisk sjokolade! 

chocolate

15: Eg likar eigentleg ikkje å skriva slike lister, men eg likar å lesa dei. (gjer du?) 


Skriv gjerne tri fakta om deg i kommentarfeltet! Eg vil lesa! 

Kommentarer

Populære innlegg