torsdag 25. februar 2016

Boksnakk #4 Overlevelse!



Tittel: Fordi overlevelse ikke er nok

(Orginal tittel: Station eleven)

Forfatter: Emily St. John Mandel


Sjanger: Dystopi / roman


Kort samandrag: Sivilisasjonen slik vi kjenner den går under. Verda vår, full av teknologi og elektrisitet blir eit vagt minne om korleis livet var før. Born veks opp utan å skjønne kva ein lyktestolpe kunne bli brukt til. Å leva har blitt ein kamp for å overleve. Overleve kulde, varme, sult og ikkje minst ekstrimisme som blomstrar i ei valdeleg tid. Men nokon få ønsker at det var meir. Ein omreisande symfoni spelar musikk og viser teater fra tida før. Fordi overlevelse ikkje er nok. 


1: Kven er boka for? 

Boka er for oss som likar dystopi og Sci-fi. Boka er for oss som likar ein poetisk og vakkert skrive roman. Boka er for oss som likar å bli røska litt opp av de me leser. Me som likar å sitta å tenka over tematikken ei stund etter boka er slukt. 

( Eg synes det er interessant at boka på norsk, både ved cover-design og tittelvalg er mynta på romanlesarar. På engelsk har tittelen, (Station eleven) og coveret eit meir tydeleg Sci-fi preg over seg.)

2: Sum opp boka med eit slagord: 

Nokre ganger må me stilla oss spørsmål som: Kva er ein sivilisasjon? Er det å kunne trykka på ein knapp  for å sjå kva kva som skjer på andre sida av jorda? Er det å vera samla om ein kultur, kunst, eller ein felles infrastruktur på samfunnet? Er det å dokumentera, vidareformidla vår felles historie? Denne boka spør alle dei rette spørsmåla.

3: Minneverdig scene:  

Det er eit par dødsscener i denne boka, det må ein kunne forvente seg av ein god dystopi, spør du meg. Men dødsscena til ein av sidekarakterane traff meg hardare en andre. Ho sit aleine på ei strand i malaysia, heile livet prega av å klara seg aleine i verda. Så aleine ein kan bli når ein skal dø, og på eit kontinent langt vekke frå alt som er kjent, trist men og vakkert beskrevet, rørande å lesa. 


4: Minneverdig sitat: 

Eg klarar ikkje å hugse kor i boka dette stod; eg var for oppslukt då eg las og fekk ikkje notert det slik eg pleier. Men eg kan prøva å skriva det slik eg hugser det: 

"I ettertid var det merkelig å tenke på at noen en gang kunne leve av å ta bilder av kjendiser. Det var en ørliten luke i menneskets historie, kun et blunk, da det å være paparazzi kunne være et levebrød"

5: Kven ser du for deg spela hovudrollen i boka,om den blir filmatisert? 


 Måtte tenka litt på Kirsten Raymonde, men etter ein runde med megsjølv, ser eg føre meg at Kirsten ser litt ut som Kirsten Stewart. Men ho måtte ha pumpa muskler for å måla seg med den Kirsten eg ser føre meg frå boka!


Alec Baldwin er 
Arthur Leander i mitt hovud. Han er litt tjukkare og litt meir pjusk, men frå første side så var det faktisk han eg såg føre meg! 















6: Kva likte du minst? 

Det er veldig vanskelig å sei noko eg ikkje likte med ei bok som eg så og sei forelska meg heilt i! Men om eg måtte så hadde eg kanskje sagt at slutten var litt forutsigbar, fin altså, men forutsigbar. 

7: Kva likte du best? 

Språket! Åh! Eg sko nesten ønska at eg hadde lest den på engelsk, for då kunne eg gitt all ære til forfattaren! Cred'en må jo sikkert delas med oversettaren i dette tilfellet!  Språket er så vakkert, ein blir rørt av små ting som beskrivelsa av å vera einsam midt i eit middags-selskap. Eller at ein ser levande føre seg kor vakker stjernehimmelen må vera når heile jorda er mørklagt. Eg satt igjen med ein følelse av at dette var godt utført håndverk! 

 8: Har boka ein særeigen struktur/oppbygning?

Ja, absolutt! I begynnelsen av boka var det nesten som om forfattaren hadde sveisa saman to bok-manus heilt utan samanheng eller rød tråd. Ein var i nåtid, og framtid, elller var det framtida som var nåtida? Uansett, på hårfint vis vart det aldri forvirrande heller! Ein får tydelig beskjed om kvar ein befinner seg på tidslinja i kvart kapittel. Fortellarstemmen er alt-vitande, men samtidig glad i både personane og verda den beskriver. 

9: Korleis var språket?

Sjå punkt 7! Det var lett å lesa. Vakkert og poetisk i beskrivelsane og alltid med ein forkjærlighet: å sjå det vakre i ting. Til og med verdas undergang.

10: Kor mange stjerner? 


Alle seks! Full pakke! Har lyst til å lesa den på ny igjen nå med ein gang!

7 kommentarer:

  1. My library co-worker hosts a post-apocalyptic book club and this was one of the early picks! I also loved the language and wondered how it would come across in another language. Glad you loved it as much as I did!

    SvarSlett
  2. Du har virkelig forelsket deg i boka ser jeg:) Når det kommer anmeldelse er jeg ikke sikker på. Svarte på kommentaren din på bloggen min i sted om at jeg ligger etter med 15 - 16 annmeldelser. Fordi de siste fire årene har jeg slitt med formen og er under utredning. Men jeg leser og skriver på bloggen så ofte jeg kan. Anmeldelse av samme bok kommer etter hvert, men usikker på når det blir:) Ha en fin helg:)

    SvarSlett
  3. Jeg har så lyst til å lese denne!

    SvarSlett
  4. For en flott, engasjerende og herlig omtale! Fristet veldig å lese denne boken, og har hørt mye snakk om den ;)
    - Siri

    SvarSlett
    Svar
    1. For ei fin omtale. Fikk lyst å lesa den :)

      // I know. Eg e nødt te å slutta å fokusera på koss alle andre gjør det og bare ha tro på at eg gjør det eg kan ;)

      Slett
  5. Jeg synes defintivt at språket er viktig, så denne boka kunne nok vært noe, men den er kanskje hakket for dyster... Hm, hvem vet? Kanskje det blir neste bok jeg leser! Så fin bekledning bloggen har fått, forresten - liker den påskegule følelsen! :D

    SvarSlett

liknande

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...