Kjære Maria, 14 år

Inspirert av Snapkollektivet vil eg skriva litt tankar omkring det å vera 14.

Kjære Maria, 14 år...

...du er god nok! Og ein dag vil du synast det sjøl og!
...du er ikkje feit, stygg eller merkeleg!
...du kjem til å forstå gutar ein dag, og tilogmed få deg ein kjærast!
...du kjem til å bli kul, chill litt!
...fortsett å skriv! Syng! Dans! Les!
...please spar konfirmasjonspengene!
...ikkje ver så streng mot deg sjølv!


Div
mine dagbøker 2000-2012 (var 14 i 2002)

Eg har alltid skrive dagbok/journal, og til denne anledninga måtte eg nesten lesa litt i dei eg skreiv då eg var 14. Eg skreiv mykje om vener, gutar eg aldri torte å snakka med, familiemedlemmer som irriterte meg (eg var nok den mest plagsomme, hah). Kor søt min nye vetlebror var. Og generelt mykje kjedelige greier. Men det som eg såg gå igjen er usikkerhet, og frykt for å ikkje vera god nok. Eg er så sjukt glad for at ein berre treng å vera tenåring ein gong, at ein kan sjå tilbake med eit smil om munnen fordi det er over!

Til alle som er 14 idag: DU er god nok! Ta det med ro! Give yourself a break! Du går gjennom den mest intense perioden i livet både mentalt og fysisk! Det aller meste er normalt! Og ikkje ver redd for å vera den du er (klisje, men det er vel ofte det ein tenker mest på som 14, at andre må lika ein?) Snakk om ting som er vanskelige, og ta til deg råd frå folk som er glade i deg! ♥

Kommentarer

  1. For et fint innlegg! Så gøy at du ble inspirert av oss til å skrive det <3

    SvarSlett
  2. Så fint! Takk for at du blir inspirert OG for at du følge oss. Fine du <3

    SvarSlett
  3. Fint, fint, fint! Jeg tror faktisk ikke jeg kunne fortalt 14-år gamle meg noe hun ville trodd på... :)

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg