Ein melankolsk strek i hjarta

Eg har lenge visst at eg har ein melankolsk strek i hjarta.
Eg likar å vera aleine, høyre på dystre melodiar, sjå på hjarteskjærande youtube-klipp og teikna, skriva om einsamheiten, livet som introvert. Livet som eks-deprimert. Livet generelt.

Det betyr ikkje at eg er trist, lei meg eller deprimert.
Eg trur det betyr at eg har eit ekstra rom i hjarta mitt for kjensla av uro. Melankoli. Mørke og kulden som følger med desse orda, gir meg ikkje negative vibber. Det fyller meg med ein slags ro. Ei slags tru på at alle følelsar, har ein verdi. Sjølv om kjensla i seg sjølv ikkje er positiv, får ein ei slags takksemd over seg. Ei takksemd for at alt ikkje er perfekt, at det ikkje burde vera perfekt heller.

Når ein tar seg tid til å kjenna på melankolien, tar ein seg tid til å føla på alle strengene sine. Bruka alle fargespektre i paletten sin.



Eg trur norsk pop er mega melankolsk ifht annan pop. Og eg trur det har noko med oss å gjera, mørketida som bur inni oss. Denne usagte kulturen i Noreg; alle har seg sjølv nok, men er så inderleg gla i kvarandre også. Musikken me produserer pumper ut våre fellers hjarteslag.

Lyrikk som berre me forstår:
 at mørket ikkje er skummelt,
 djupet ikkje er farleg.

Det gjer oss ein tyngde som berre me veit å setta pris på.
Me som har melankolske hjarter
som ikkje lar oss knekka av ein lang vinter
men spirar like fint igjen til våren

Kommentarer

  1. Jeg fikk gåsehud av denne teksten, og jeg tror du har helt rett! Personlig har ikke jeg mye plass til melankoli i hjertet, og har ingen ro med det. Likevel har jeg altså en viss forståelse for det du sier. Og jeg setter definitivt pris på å lese om ting fra ditt melankolske perspektiv :)

    SvarSlett
  2. Kjære deg, Maria! Takknemlig for å ha lært deg å kjenne. Du inspirerer som alltid. Ha en god dag! Klem

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg