Skjønnhet

Inspirert av SnapKollektivet igjen! Eg må berre taste litt her om skjønnhet, som var ukas tema hos dei denne veka!

Skjønnhet for meg er så mangt, men det eg ville snakke litt om var dette hysteriet/tyranniet som mange tar opp. For meg så har det alltid vært tilstede, i bakhovudet, i spegelen: ambivalensen. Ei rar blanding av sjølvtillitt og skam. Følelsen av å vera god nok, men samtidig så var det jo ingen der ute (i media) som var enige i det! Gradvis har eg lært meg å lika meg sjølv heilt og fullt, tross alt som blir blåst imot meg av idealer som gjerne seier imot. Eg skrur det av, unsubscriber. Og fokuserer på det som eg veit er rett for meg: Å ha det bra med meg sjølv, i meg sjølv.

Eg er tjukk. Brukar XL, XXL og tilogmed XXXL nokre gonger! huff og huff, så tjukk eg er!

Ja, men eg er og sunn. Har godt kolestrol og eit balansert kosthold.
     og fin! Har mjuk hud og ei venleg smil!
     og god nok! Eg treng ikkje å forandre kroppen min for nokon andre.
     og sexy! Eg har kanskje ikkje den perfekte timeglassfiguren som me tjukke vertfall burde ha om me skal vera tjukke! Men eg følar meg faktisk sexy til tider òg!



Skandaløst? Kanskje!

Befriandre? JA!

Har skrive om dette før, men seier det igjen: det finaste for meg er mangfold! At me ikkje streber etter å sjå like ut! Men at me jobbar mot å bli fornøgd med å vera den me er! Alle passar ikkje inn i same støypeforma, og godt er det! Tenk om me klarar å dytte samfunnet inn i framtida der alle ser sin eigen verdi basert på det dei sjølv ønsker skal definere dei, ikkje slik nokon som sitter i eit motekonsern, mediahus eller sminkebutikk seier det skal vera. Tenk om me klarar å bruka pengene våre som stemmesedlar, slik at dei som driv business med medmenneskelighet tjener mest! Det er det eg drømmer om, og det var det eg såg glimt av i Snapstoryane til Snapkollektiver denne veka! Så takk for det jenter! Stå på!

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg