Mørke

Alle mine duer kom hjem!
-Vi tørr ikke! Hauken tar oss! 
Hva spiser den? 
-Kjøtt!
Hva drikker den? 
-Blod
Prøv allikevel!!


Det kjennes slik
Å ha mørket inni seg

Prøv allikevel

Men verda vil eta meg opp
Alle vil sjå mine svakheiter og mangler!

Prøv allikevel

Men det er ingen som kjem til å forstå meg

Prøv allikevel

Men eg har ingen krefter å kjempa med
Mørket tar over

Prøv allikevel




-----------------------------------------

Eg har aldri vore redd for mørket. Eg har gått gjennom skogar utan anna lys enn månen. Med vinden susande rundt øyrene. Eg nyter det alltid. Freden, roen og mørket. 

Eg har heller aldri vore redd for mørket inni meg, meir nyskjerrig. Som eit eksperiment som berre må gå galt ein gong, om du gjer det nok tid; Om eg berre gjer det nok tid, vil det sluke opp alt eg er. 
Det er ikkje farlig, ikkje på ordentleg. Men det eg alltid har vore redd for, er å vise det fram til andre. 

"Sjå her er det svarte holet inni sjela mi som sluker alt av glede og draumar og alt som er fint! Var ikkje det fin smalltalk? "

Alle mennesker kjenner igjen tankar som er mørke. Nokon meir, andre mindre. Eg? Mykje. 
Det passar ikkje heilt med personligheten min, det er nok derfor eg alltid er litt redd for kva folk vil tenke om denne sida av meg. Men det er jo ikkje farleg. Mørket er jo akkurat det same som lyset, berre at alt er gjemt for det blotte øyet. Men alt er jo det same som då lyset var på.  Eg er meg, med og utan det svarte holet mitt. 

Nå går jo ikkje folk rundt og snakker slik som dette, dei seier kanskje "eg er deprimert" eller "eg sliter litt" eller noko anna mindre dramatisk.

Ironisk nok så er problemet om du lar deg blir slukt av tanken om mørket. Om du vil bruke heile livet på å lure på om det svarte holet kjem til å gape over jordkloden ein dag, eller om du berre vil leve livet ditt heilt til du finner utav det. Prøv allikevel.

Om du stopper opp ein gong iblant og kjenner på det gjer berre at du setter større pris på å ikkje vera slukt av mørket. Og det er eg. Glad for at eg ikkje er slukt. Eg prøver allikevel.









Kommentarer

Populære innlegg